Logo

Kalandra

Kalandra er eit norsk band som består av Katrine, Jogeir og Florian. Dei spelar nordisk og eventyrleg musikk. Hausten 2019 ba dei om hjelp til å designe eit magasin for dei.

Magasinet er ei slags sjølvbiografisk oppsummering av alt dei rakk å gjere i 2019. Dei tre medlemmane har skrive teksten, og alle bileta er tekne av fotograf Anette Skutevik. Designet er gjort av meg.